fredag 8. januar 2010

Ting 23 Oppsummering

Favoritt 23-ting var så absolutt Ting 11. Organisering av eigne bøker. Å oppretta eit eige bibliotek med bøker eg har lese og ynskjer å lesa, dela andre sine leseopplevingar og diskusjonar om bøker, i det heile tatt å fråtsa i det eg likar aller best, å lesa bøker, dette var sukkertøyet mitt når eg streva med andre oppgåver.
Læringsmål. Gjennom kurset har eg snusa på nye teknikkar, fått litt innblikk i kva som er å finna innan ulike område. Lysten til å læra meir er absolutt til stades, pluss litt meir optimisme når det gjeld evnen til å oppnå innsikt i ny teknologi.
Nyttig og overraskande.Ting 18 Webapplikasjonar. Det var nytt for meg at eg kunne laga skriv direkte på nettet, dela det med andre, henta det opp på andre pc-ar, dette lika eg godt og trur nok eg skal få god nytte av det.
Kursopplegget. Eg kom seint i gang med kurset og har nærmast storma gjennom det, fordjupinga kunnne absolutt ha vore betre, det eg sakna mest var ei ordliste med dei dataord og uttrykk som blir brukt, grundig forklart og på eit nivå og med ord som ikkje-data-kyndige forstår. Ei kokebok-liknande forklaring sakna eg også mang ein gang, det er vanskeleg å få utbytte av Tinga når ein går seg fast i det tekniske.
Nye kurs. Dersom det blir nye liknande kurs blir eg gjerne med.

Ting 22 Bibliotek 2.0

Samspel mellom bibliotek og brukarar endrar seg med ny teknologi, dette opplever vi heile tida, og både vil og må innretta oss, "vil du vera med så heng på". Det er også grunnen til at vi blir med på kurs som dette.
2.0 tenester kan hjelpa oss til å møta den moderne brukaren på så mange vis, utan at vi kan gløyma dei av brukarane som aldri kjem til å ta i bruk ny teknologi.
Nedprioritering er eit vanskeleg tema, her må vi sjå på nytteverdien av det vi driv med.
2.0 kompetansen vår kan heile tida bli betre, da treng vi slike kurs som dette.
I biblioteket vårt er vi tre som har gjennomført kurset. I etterkant vil alle som jobbar her, diskutera kva vi kan, bør og vil ta i bruk av 2.0.

torsdag 7. januar 2010

Ting 21 Web 2.0 Awards

Eg gjekk inn på biletet av 2007 Web 2.0 awards. Her var det mykje å studera og danna seg inntrykk av, både kjent og ukjent, og kurset hadde mange av sine ting inne her. Eg har alt for lite kjennskap til dei ulike tinga her og veit ikkje om prisane dei har fått er fortent eller ikkje, men det var artig å finna igjen ting frå 23-tingkurset her.
Av 2.0 ting eg ser god bruksverdi av var Google-docs, Google maps, Flickr, Wiki, iGoogle og sikkert fleire som eg ikkje har sett meg godt nok inn i enno.
Det var også artig å studera det norske IDG.no/Computerworld med deira rangering.
Ein av tinga eg vil sjå nærare på er Twitter, som eg berre hoppa over i oppgåveløysinga, andre ting vil eg sjå litt på før eg finn ut om dei er verd å sjå nærare på.

Ting 20 e-læring

Las først artikkelen om e-læring, var inne på Moodle og såg på litt av kvart der, så oppretta eg konto i Chinese Pod og starta så vidt på kurset, interessant nok, særleg demonstrasjonen av 5 tonelag (sjølv har eg ein dialekt som manglar tostavings tonelag), men eg har ingen ambisjonar om å læra kinesisk, så det stoppa der. Gjekk også inn på NKS Nettstudier for å sjå kva dei hadde å tilby, det finst sikkert massevis  av e-kurs/opplæring på ulike nivå som ein kan finna fram til på nettet, Blackboard er heilt ukjent for meg, "23 ting om 2 null" er mi erfaring med e-læring. Det har vore lærerikt og til tider svært frustrerande, særleg den tekniske sida av dette har bydd på store problem for meg, men gode hjelparar har fått meg vidare når eg har stått bom fast. Mange av tinga vi har vore innom kan vera aktuelt å bruka i biblioteket, dette skal vi diskutera nærare når vi oppsummerer kurset.

onsdag 6. januar 2010

Ting 18 og 19: Webapplikasjoner og Virtuelle verdener

Link til dokumentet Ting 18 og 19 i Google Docs

Ting 17 Origo

Da har eg gått inn på origo og registrert meg som medlem, eg har invitert ein god ven til å bli med i min krets, dessutan har eg oppretta ei lukka sone: Sunndalsnesset, og invitert fleire til å bli med der. Det var det

Ting 16 Mashups

Mashups var eit ukjent begrep for meg, men har forstått at det er ein kombinasjon av fleire tenester t.d. Gule sider. Eg gjekk inn Mashup Awards, søkte på book, fann Zoomii der eg zooma inn til ei bok og blei linka vidare til Amazon der eg kunne bestilla boka. Ferdig etter god hjelp av Anna Marie.