fredag 8. januar 2010

Ting 22 Bibliotek 2.0

Samspel mellom bibliotek og brukarar endrar seg med ny teknologi, dette opplever vi heile tida, og både vil og må innretta oss, "vil du vera med så heng på". Det er også grunnen til at vi blir med på kurs som dette.
2.0 tenester kan hjelpa oss til å møta den moderne brukaren på så mange vis, utan at vi kan gløyma dei av brukarane som aldri kjem til å ta i bruk ny teknologi.
Nedprioritering er eit vanskeleg tema, her må vi sjå på nytteverdien av det vi driv med.
2.0 kompetansen vår kan heile tida bli betre, da treng vi slike kurs som dette.
I biblioteket vårt er vi tre som har gjennomført kurset. I etterkant vil alle som jobbar her, diskutera kva vi kan, bør og vil ta i bruk av 2.0.

1 kommentar:

  1. Eg er einig i at det er omtrent umogleg å nedprioritere nokre av arbeidsoppgåvene ein har ved eit bibliotek, for det meste er nok "strippa inn til beinet" som det er allereie.
    Det kan muligens vere noko tid å spare på fellesløysingar innanfor einskilde område over dei næraste kommunegrensene?

    Ting 22 er avmerka!

    Hilde :-)

    SvarSlett