torsdag 7. januar 2010

Ting 20 e-læring

Las først artikkelen om e-læring, var inne på Moodle og såg på litt av kvart der, så oppretta eg konto i Chinese Pod og starta så vidt på kurset, interessant nok, særleg demonstrasjonen av 5 tonelag (sjølv har eg ein dialekt som manglar tostavings tonelag), men eg har ingen ambisjonar om å læra kinesisk, så det stoppa der. Gjekk også inn på NKS Nettstudier for å sjå kva dei hadde å tilby, det finst sikkert massevis  av e-kurs/opplæring på ulike nivå som ein kan finna fram til på nettet, Blackboard er heilt ukjent for meg, "23 ting om 2 null" er mi erfaring med e-læring. Det har vore lærerikt og til tider svært frustrerande, særleg den tekniske sida av dette har bydd på store problem for meg, men gode hjelparar har fått meg vidare når eg har stått bom fast. Mange av tinga vi har vore innom kan vera aktuelt å bruka i biblioteket, dette skal vi diskutera nærare når vi oppsummerer kurset.

1 kommentar:

  1. Det å kunne diskutere og evaluere nytteverdien av dei ulike "tinga" i etterkant med kolleger er bra! Skal bli artig å sjå kva det kan føre til ved dei einskilde biblioteka i fylket...

    Så var Ting 20 på plass!

    Hilde :-)

    SvarSlett