fredag 8. januar 2010

Ting 23 Oppsummering

Favoritt 23-ting var så absolutt Ting 11. Organisering av eigne bøker. Å oppretta eit eige bibliotek med bøker eg har lese og ynskjer å lesa, dela andre sine leseopplevingar og diskusjonar om bøker, i det heile tatt å fråtsa i det eg likar aller best, å lesa bøker, dette var sukkertøyet mitt når eg streva med andre oppgåver.
Læringsmål. Gjennom kurset har eg snusa på nye teknikkar, fått litt innblikk i kva som er å finna innan ulike område. Lysten til å læra meir er absolutt til stades, pluss litt meir optimisme når det gjeld evnen til å oppnå innsikt i ny teknologi.
Nyttig og overraskande.Ting 18 Webapplikasjonar. Det var nytt for meg at eg kunne laga skriv direkte på nettet, dela det med andre, henta det opp på andre pc-ar, dette lika eg godt og trur nok eg skal få god nytte av det.
Kursopplegget. Eg kom seint i gang med kurset og har nærmast storma gjennom det, fordjupinga kunnne absolutt ha vore betre, det eg sakna mest var ei ordliste med dei dataord og uttrykk som blir brukt, grundig forklart og på eit nivå og med ord som ikkje-data-kyndige forstår. Ei kokebok-liknande forklaring sakna eg også mang ein gang, det er vanskeleg å få utbytte av Tinga når ein går seg fast i det tekniske.
Nye kurs. Dersom det blir nye liknande kurs blir eg gjerne med.

1 kommentar:

  1. Gratulerer! Du har storma gjennom kurset som den reinaste Supermann - unnskyld; Superkvinne på rekordtid! Eg må seie at eg er imponert over at du kom i mål!

    Det er nok som du seier at det hadde vore greit med litt mer fordjupning, men ut frå bloggen din ser det no ut til at du har fått med deg det du skulle. Og det er aldri for seint å kikke litt nærare på ting sånn litt etter kvart.

    Elles er det ein veldig god idé med ei ordliste - den skal eg sende vidare til dei som har laga og skal revidere kursbloggen!

    Siste ting er avmerka, og du er med i trekninga av ein flott iPod onsdag 13. januar!

    Hilde :-)

    SvarSlett