fredag 8. januar 2010

Ting 23 Oppsummering

Favoritt 23-ting var så absolutt Ting 11. Organisering av eigne bøker. Å oppretta eit eige bibliotek med bøker eg har lese og ynskjer å lesa, dela andre sine leseopplevingar og diskusjonar om bøker, i det heile tatt å fråtsa i det eg likar aller best, å lesa bøker, dette var sukkertøyet mitt når eg streva med andre oppgåver.
Læringsmål. Gjennom kurset har eg snusa på nye teknikkar, fått litt innblikk i kva som er å finna innan ulike område. Lysten til å læra meir er absolutt til stades, pluss litt meir optimisme når det gjeld evnen til å oppnå innsikt i ny teknologi.
Nyttig og overraskande.Ting 18 Webapplikasjonar. Det var nytt for meg at eg kunne laga skriv direkte på nettet, dela det med andre, henta det opp på andre pc-ar, dette lika eg godt og trur nok eg skal få god nytte av det.
Kursopplegget. Eg kom seint i gang med kurset og har nærmast storma gjennom det, fordjupinga kunnne absolutt ha vore betre, det eg sakna mest var ei ordliste med dei dataord og uttrykk som blir brukt, grundig forklart og på eit nivå og med ord som ikkje-data-kyndige forstår. Ei kokebok-liknande forklaring sakna eg også mang ein gang, det er vanskeleg å få utbytte av Tinga når ein går seg fast i det tekniske.
Nye kurs. Dersom det blir nye liknande kurs blir eg gjerne med.

Ting 22 Bibliotek 2.0

Samspel mellom bibliotek og brukarar endrar seg med ny teknologi, dette opplever vi heile tida, og både vil og må innretta oss, "vil du vera med så heng på". Det er også grunnen til at vi blir med på kurs som dette.
2.0 tenester kan hjelpa oss til å møta den moderne brukaren på så mange vis, utan at vi kan gløyma dei av brukarane som aldri kjem til å ta i bruk ny teknologi.
Nedprioritering er eit vanskeleg tema, her må vi sjå på nytteverdien av det vi driv med.
2.0 kompetansen vår kan heile tida bli betre, da treng vi slike kurs som dette.
I biblioteket vårt er vi tre som har gjennomført kurset. I etterkant vil alle som jobbar her, diskutera kva vi kan, bør og vil ta i bruk av 2.0.

torsdag 7. januar 2010

Ting 21 Web 2.0 Awards

Eg gjekk inn på biletet av 2007 Web 2.0 awards. Her var det mykje å studera og danna seg inntrykk av, både kjent og ukjent, og kurset hadde mange av sine ting inne her. Eg har alt for lite kjennskap til dei ulike tinga her og veit ikkje om prisane dei har fått er fortent eller ikkje, men det var artig å finna igjen ting frå 23-tingkurset her.
Av 2.0 ting eg ser god bruksverdi av var Google-docs, Google maps, Flickr, Wiki, iGoogle og sikkert fleire som eg ikkje har sett meg godt nok inn i enno.
Det var også artig å studera det norske IDG.no/Computerworld med deira rangering.
Ein av tinga eg vil sjå nærare på er Twitter, som eg berre hoppa over i oppgåveløysinga, andre ting vil eg sjå litt på før eg finn ut om dei er verd å sjå nærare på.

Ting 20 e-læring

Las først artikkelen om e-læring, var inne på Moodle og såg på litt av kvart der, så oppretta eg konto i Chinese Pod og starta så vidt på kurset, interessant nok, særleg demonstrasjonen av 5 tonelag (sjølv har eg ein dialekt som manglar tostavings tonelag), men eg har ingen ambisjonar om å læra kinesisk, så det stoppa der. Gjekk også inn på NKS Nettstudier for å sjå kva dei hadde å tilby, det finst sikkert massevis  av e-kurs/opplæring på ulike nivå som ein kan finna fram til på nettet, Blackboard er heilt ukjent for meg, "23 ting om 2 null" er mi erfaring med e-læring. Det har vore lærerikt og til tider svært frustrerande, særleg den tekniske sida av dette har bydd på store problem for meg, men gode hjelparar har fått meg vidare når eg har stått bom fast. Mange av tinga vi har vore innom kan vera aktuelt å bruka i biblioteket, dette skal vi diskutera nærare når vi oppsummerer kurset.

onsdag 6. januar 2010

Ting 18 og 19: Webapplikasjoner og Virtuelle verdener

Link til dokumentet Ting 18 og 19 i Google Docs

Ting 17 Origo

Da har eg gått inn på origo og registrert meg som medlem, eg har invitert ein god ven til å bli med i min krets, dessutan har eg oppretta ei lukka sone: Sunndalsnesset, og invitert fleire til å bli med der. Det var det

Ting 16 Mashups

Mashups var eit ukjent begrep for meg, men har forstått at det er ein kombinasjon av fleire tenester t.d. Gule sider. Eg gjekk inn Mashup Awards, søkte på book, fann Zoomii der eg zooma inn til ei bok og blei linka vidare til Amazon der eg kunne bestilla boka. Ferdig etter god hjelp av Anna Marie.

Ting 15 Leik med bilete


Eg prøvde meg på bighugelabs og etter ein del strev gjekk eg inn på jigshaw, fann eit bilete som maskinen godtok, kopierte det over på skrivebordet, trykte på sett inn bilde og fekk det kopiert over.

Ting 14 Personleg startside

Eg gjekk inn på iGoogle og la til element, eg endra søkespråket til nynorsk og la eit landskap som tema på toppen - men har enno ikkje fått til å leggja til Facebook-veggen , eg gir opp dette og reknar meg som ferdig

mandag 4. januar 2010

Flower Power (Ben Heine)


Flower Power (Ben Heine)
Originally uploaded by Ben Heine

Ting 13 Eigendefinerte søkemotorar

Eg gjekk inn på Rollyo og oppretta konto, der kombinerte eg søket Travel med Switzerland, Zürich og fekk opp ei side med mange adresser. Denne søkemåten såg nyttig ut, og kan sikkert brukast i mange samanhengar. Det skulle leggjast til ei lenke, men då kom eg på ingen måte inn i Rollyo lenger, så det gav eg opp. Reknar meg derfor ferdig med denne tingen.

søndag 3. januar 2010

Ting 12 Sosiale bokmerke

Eg las først gjennom Din side og gjekk så inn på Delicious, yahoo-adresse har eg frå før, så eg bruka den for å koma vidare. Eg lytta også til "Learning_2.0_and_Del_icio_us" og studerte buskerud fylkesbibliotek og bruken av bokmerke der.
Eg har streva med denne tingen, men har til slutt lagt inn eit bokmerke "bokanmeldelser" med same tag.: bokanmeldelser.

lørdag 2. januar 2010

Ting 11 Organisering av eigne bøker

Denne tingen kosa eg meg veldig meg. Eg var inne på Librarything, og laga min eigen konto, la inn 7 bøker og melde meg inn i gruppa "Litteratur på norsk".

Tidlegare har eg oppdaga bokelskere.no, oppretta konto der og lagt inn hundrevis av bøker. Men når eg no seinare har prøvd librarything, lika eg den på sett og vis betre, den er organisert på ein meir "bibliotekmessig" måte, men no har eg lagt inn så mange titlar i bokelskere.no at eg kjem kanskje til å halda meg til den.

Ting 10 Musikk

Eg gjekk inn på Finetune, registrerte meg og høyrde på Sissel i 30 sek. Deretter gjekk eg inn på Myspace , registrerte meg, gjekk inn på musikk og tok fram ein sang med Aha som eg høyrde på og deretter lenka til denne sida.

Ting 9 Video

Eg gjekk inn på YouTube og søkte på embroidery og fann ein video, så gjekk eg til høgre på embed og kopierte adressa og la den inn bloggen via HTML




Da reknar eg meg som ferdig med denne oppgåva

Ting 8 Podkast

Har lese artikkelen på Wikipedia.no. Gjekk så inn på NRKs podkasttilbud og bestemte meg for google-leser fordi eg har gmail og går via leser der og legg til abonnement av feeder. Eg la til "NRK P2 - Bok i P2" og "NRK P2 - P2-Akademiet.